Tsukioka Yoshitoshi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsukioka Yoshitoshi
Yositosi.jpg
Fødenamn Owariya Yonejiro
Alias Tsukioka Yoshitoshi, 月岡 芳年;

Taiso Yoshitoshi 大蘇 芳年, Yoshitoshi

Fødd 30. april 1839
Edo
Død

9. juni 1892
Ryōgoku

Yrke kunstnar, ukiyo-e artist, kunstmålar
Tsukioka Yoshitoshi på Commons

Tsukioka Yoshitoshi (30. april 18399. juni 1892), også kalla Taiso Yoshitoshi eller berre Yoshitoshi, var ein japansk biletkunstnar.[1] Han er vidt kjend som den siste store meisteren innan sjangeren ukiyo-e, ein japansk type tresnitt. Han verka innan to historiske periodar - slutten av Edotida og dei første åra av Meiji.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

'100 aspekt av månen', nr. 7, 'Inabafjellet-månen'. UNge Toyotomi Hideyoshi leire ei lita gruppe som går til åtak på borga på Inaba Mountain. (1885).

Yoshitoshi var fødd i Shimbashi-distriktet i gamle Edo (noverande Tokyo). Fødenamnet hans var Owariya Yonejiro. Far hans var ein rik kjøpmann som hadde kjøpt seg status som samurai. Då han var tre år gammal blei Yoshitoshi send for å bu hjå onkelen sin, ein sonelaus faramsøyt som var svært glad i han. Då han var fem blei han interessert i kunst og fekk opplæring frå onkelen. I 1850, då han var 11, blei Yoshitoshi lærling hjå Kuniyoshi, ein av dei store meisterane innan japansk tresnitt. Kuniyoshi gav lærlingen sin kunstnarnamnet Yoshitoshi, som viser tilbake til Utagawa-skulen. Sjølv om han ikkje blei sett på som arvtakaren til Kuniyoshi i si levetid, er Yoshitoshi no rekna som den viktigaste eleven til Kuniyoshi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nussbaum, Louis Frédéric. (2005). "Tsukoka Kōgyō" i Japan Encyclopedia, s. 1000.