Tubruq
Tubruq | ||
---|---|---|
![]() | ||
Styresmakter | ||
Land | Libya | |
Geografi | ||
Koordinatar | Koordinatar: | |
Plassering | ||
Tubruq eller Tobruk er ein by i austlege Libya ved Middelhavet, om lag 155 kilometer frå grensa til Egypt. Han har ein oljeleidning frå Sarir-feltet og ei petroleumshamn. I tillegg har byen eit avsaltingsanlegg for havvatn og eit varmekraftverk. I 2005 hadde byen eit innbyggjartal på 121 000.
Tubruq vart hærteke av Italia i 1911 og nytta som base for hæroperasjonar i sør. Under andre verdskrigen spela byen ei rolla som festning og orlogshamn. Byen vart hærteke av britane i januar 1941, av aksemaktene 21. juni 1942, men kom endå ein gong under britisk kontroll 13. november same året. Byen fekk store skadar, men vart seinare bygt opp att.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Tubruq» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.