Tulln an der Donau
Tulln an der Donau | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Tulln an der Donau | |||
Wikimedia Commons: Tulln | |||
Tulln an der Donau er ein by og ein kommune (Marktgemeinde) i distriktet Tulln i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 72,2 km² og 16 000 ibuarar. Byen ligg på Tullnsletta langs Donau, 180 meter over havet og ei 40 km vest om Wien.
Tulln er ein av dei eldste byane i Austerrike, busett heilt tilbake i romartida. Byen opplevde ei stordomstid då den mektige Babenberg-ætta huserte her kring år 1000.
Ein stor sukkerfabrikk, med over 300 tilsette, er eigd av det multinasjonale selskapet Agrana. Dlouhy er eit firma i Tulln der 110 tilsette lagar utryknings-køyrety.
Elles er Tulln kjend for ei årleg hagebruksmesse, der rundt 100 000 gjester er innom.
Målaren Egon Schiele var frå Tulln.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tulln an der Donau» frå Wikipedia på tysk, den 14. februar 2019.