Tupou VI av Tonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Tupou VI
Ulukalala Lavaka Ata.jpg
Konge av Tonga
Fullt namn ʻAhoʻeitu ʻUnuakiʻotonga Tukuʻaho
Fødd 12. juli 1959
Føregjengar George Tupou V av Tonga

Tupou VI (personnamn ʻAhoʻeitu ʻUnuakiʻotonga Tukuʻaho) (fødd 12. juli 1959) er konge av Tonga og tidlegare statsminister, forsvarsminister og utanriksminister på Tonga. Han var tidlegare kjend som Lavaka Ata 'Ulukalala.

Tupou VI er den tredje sonen til kong Taufa'ahau Tupou IV. Han var statsminister frå 3. januar 2000 til 11. februar 2006, då han gjekk av på grunn av protestar mot at medlemmer av kongefamilien skulle sitje i regjering. Han blei konge 18. mars 2012 då broren George Tupou V døydde.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.