Tutti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tutti-ventilen på eit pipeorgel.

Tutti er eit italiensk ord som tyder 'alle' eller 'i saman'.

Som eit musikalsk uttrykk vert det nytta på forskjellig vis:

  1. Det kan vise til ein orkesterpassasje der alle medlemmene i orkesteret (eller delar av eit orkester) spelar samstundes. I eit konsertstykke indikerer det delar for heile orkesteret, i motsetnad til delar for solistane. Det vert nytta på liknand vis i kormusikk, der heile seksjonar eller heile koret syng samstundes.[1]
  2. Ein som orkestrerer eit stykke kan spesifisere at ein musikar i orkesteret skal spele aleine, medan resten av seksjonen er stille under soloen. Det står då skrive solo på partituret der soloen startar, og tutti der heile seksjonen starta å spele att.
  3. I orgelmusikk indikerer det fullt orgel: alle pipene vert opna. Dette vert stundom skrive på partitur som .

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tutti». Artopium musical terms. Arkivert frå originalen 18. desember 2015. Henta 10. februar 2012. 
  • Denne artikkelen bygger på «Tutti» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Apel, Willi, red., Harvard Dictionary of Music, Second Edition, Revised og Enlarged. The Belknap Press of Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 1969. SBN 674375017