Tverrsnittstudie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein tverrsnittstudie er den enklaste forma for kvantitative studiar, og inneber at ein observerer eit tal observasjonseiningar på eitt og berre eitt tidspunkt.[1] Føremålet kan vera å stadfesta utbreiinga av eit fenomen eller undersøkja mistenkte årsaksfaktorar.[2] Om ein ynskjer å undersøkja ei generell utbreiing av eit fenomen kan ein gjera eit tilfeldig utval blant heile populasjonen. Ein nyttar så regresjonsanalyse for å undersøkja statistiske samanhengar med andre variablar innan dette utvalet.

Ulemper[endre | endre wikiteksten]

Veikskapen med tversnittsstudiar er at dei ikkje kan seia noko om årsaks-verknadshøve, altså kva veg årsaksrelasjonane eventuelt går, eller om dei ligg nært/fjernt kvarandre i tid.[2] Vidare vil det alltid vera vanskeleg å avdekkja bakanforliggande variablar som kan skapa ein spuriøs samanheng.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 71
  2. 2,0 2,1 «tverrsnittsstudie – Store norske leksikon». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 74