Tørrår
Utsjånad
Eit tørrår er eit år med lite nedbør. Det blir nytta både i samband med jordbruk og vasskraft, men med litt ulike tydingar.
Jordbruk
[endre | endre wikiteksten]Eit skinår eller tørrår er eit år der vekstsesongen er så tørr at veksten i åkeren er så liten at avlinga er sterkt redusert i høve til eit normalår.
Vasskraft
[endre | endre wikiteksten]I vasskraftsamanheng er eit tørrår eit år der ein gjennom heile året har mykje mindre nedbør enn normalt slik at produsert elektrisk energi er mykje mindre enn i eit normalår. I tørrår vil ein trenge å importere store mengder elektrisitet til landet. Blåsjø i Ulla-Førre-kraftverket er bygd med tanke på å kunne magasinere vatn i normalår og produsere i tørrår.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Eikesdal Arkivert 2010-06-14 ved Wayback Machine.