Hopp til innhald

Haute-Marne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haute-Marne
Våpenskjoldet til Haute-Marne
Plassering
Plasseringa til Haute-Marne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 52
Region: Champagne-Ardenne
Préfecture: Chaumont
Sous-préfectures: Langres
Saint-Dizier
Arrondissement: 3
Kantonar: 32
Kommunar: 432
Président du conseil général: Bruno Sido
Statistikk
Folketal Rangering 87.
 -1999 194 873
Folketettleik: 31/km²
Landareal¹: 6 211 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Haute-Marne er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Champagne-Ardenne, og er kalla opp etter elva Marne.

Haute-Marne er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av dei tidlegare franske provinsane Champagne, Burgund, Lorraine og Franche-Comté.

Haute-Marne er ein del av regionen Champagne-Ardenne og er omringa av departementa Meuse, Vosges, Haute-Saône, Côte-d'Or, Aube og Marne.

Det høgaste fjellet er Haut-du-Sac sørvest i departementet med ei høgd på 516 meter. Dei næraste store byane er Paris, Nancy, Strasbourg, Basel og Dijon.

Festningsbyen Langres, renessanseslottet i Joinville og landsbyen Colombey-les-deux-Églises er alle store turistattraksjonar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Haute-Marne