UNICEF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
UNICEF-logoen

UNICEF er FNs barnefond, og blei oppretta etter 2. verdskrigen for å avhjelpe situasjonen for naudlidande born. Sidan den gong har organisasjonen arbeida med naudhjelp, katastrofehjelp og utviklingshjelp over heile verda.

UNICEF (United Nations International Children's Emergency Fund) blei oppretta av FNs generalforsamling 11. desember 1946. I 1953 blei namnet forkorta til United Nations Children's Fund, men barnefondet er framleis kjend under det same populære akronymet.

UNICEF blei tildelt Nobels fredspris i 1965.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: UNICEF