Uecker
Utsjånad
| Uecker | |||
| elv | |||
Uecker nær Torgelow | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 2 200 km² | ||
| Lengd | 102 km | ||
| Middelvassføring | 9,5 m³/s | ||
| Kjelde | Uckermark | ||
| • høgd | 69 moh. | ||
| Munning | Stettiner Haff | ||
![]() Uecker 53°45′04″N 14°04′17″E / 53.751166°N 14.071414°E | |||
| Wikimedia Commons: Uecker | |||

Uecker er ei elv i Brandenburg (der ho vert kalla Ucker) og Mecklenburg-Vorpommern nordaust i Tyskland. Ho har sitt utspring i området Uckermark, nær landsbyen Temmen. Ho renn nordover gjennom ei rekkje mindre innsjøar og gjennom byane Prenzlau, Pasewalk, Torgelow, Eggesin og Ueckermünde. Nær Ueckermünde munnar Uecker ut i Stettiner Haff, som er forbunde med Austersjøen via dei tre sunda Peenestrom, Świna og Dziwna.
Uecker har gjeve namn til to landkreis, Uckermark og Uecker-Randow.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uecker» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2007.
