Uftiuga ved Sukhona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uftiuga
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 2 360 km²
Lengd 134 km
Middelvassføring 21,8 /s
Kjelde Arkhangelsk oblast
Munning Sukhona

Uftiuga ved Sukhona
61°4′30″ N 44°9′39″ E

Uftiuga (russisk Уфтюга ) er ei elv i Arkhangelsk og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Sukhona frå venstre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.

Elva er 134 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 360 km². Middelvassføringa hennar er 21,8 m³/s. Dei største sideelvane til Uftiuga er Porstsje frå venstre og Torzjenga og Sulonga frå høgre.

Uftiuga spring ut frå eit myrområde i nærleiken av ein jernbanestasjon langs banen mellom Konosja og Kotlas. Ho renn først austover, men svingar etter kvart sørover til ho munnar ut i Sukhona.

Det meste av elva renn gjennom aude skogområde nord i Vologda oblast, og berre nokre få landsbyar ligg langs elva.

Elva vart tidlegare mykje nytta til tømmerfløyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]