Ukokplatået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ukokplatået
Isprinsessa
Ryttar, filstykke av pazyryk frå 300-talet f.Kr.
Pazyrykteppe frå 400-talet f.Kr.

Ukokplatået (russisk Укок) er ei fjerntliggjande og urørt slettelandskap i hjarte av det sørvestlege Sibir, i Altajfjella i Russland, nær grensa til Kina, Kasakhstan og Mongolia. Pazyryk er namnet på det gamle folket som levde i Altajfjella på dette platået og som ein har funne fleire flotte gjenstandar etter, inkludert mumiar som er bevarte i permafrosten. Mange gamle gravrøyser frå bronsealderen er funne i området og er knytt opp til pazyrykkulturen, som kan minne om den segnomsuste Skythia i vest.[1] Uttrykket kurgan vert som regel nytta om slike gravstader. Utgraving i dette området har ført til mange fascinerande funn.[2] Eit av dei mest kjende funna vert kalla «Isprinsessa» og vart grave ut av den russiske arkeologen Natalia Polosmak.[3][4] Tre tattoverte mumiar (om lag 300 f.Kr.) vart grave ut frå permafrosten på Ukokplatået på andre halvdel av 1900-talet.[5]

Ukokplatået er ein del av UNESCO sin verdsarvstad kalla Dei gylne fjella i Altaj, som vert rekna som ein viktig miljømessig skatt. Her finn ein fleire globalt utryddingstruga dyreartar, som snøleopard. Andre utryddngstrua dyr i området som krev ekstra vern er argalisauen, steppeøgle og svartstork.[6] I dag er Ukokplatået truga av planar om å byggje ein gassrøyrleidning mellom Kina og Russland. Området er òg trugar med planar om ein veg over platået, i tillegg til at dei lokale bøndene driv området for hardt.[7]

Isprinsessa og andre arkeologiske funn vart funne like innanfor eit landområde som Russland og Kina stridast om.[8] Innbyggjarane i Den altaiske republikken krev tilbake lekamane som er tatt frå gravhaugane deira og som for tida ligg i Novosibirsk.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ukok Plateau» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
  • S.I. Rudenko, Kul'tura naseleniia Gornogo Altaia v skifskoe vremia («The Population of the High Altai in Scythian Times»)(Moscow and Leningrad, 1953) translated as Frozen Tombs of Siberia: The Pazyryk Burials of Iron Age Horsemen, M.W. Thompson, tr. (University of California Press, Berkeley) 1970. ISBN 0-520-01395-6

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul G. Bahn (2000). The Atlas of World Geology. New York: Checkmark Books. s. 128. ISBN 0-8160-4051-6. 
  2. «Golden Mountains of Altai». UNESCO. Henta 31. juli 2007. 
  3. «Ice Mummies: Siberian Ice Maiden». PBS - NOVA. Henta 31. juli 2007. 
  4. «Prehistoric Art - Early Nomads of the Altaic Region». The Hermitage Museum. Henta 31. juli 2007. 
  5. «Bronze collect at Novosibirsk State University - including Pazyryk». Henta 30. november 2006. 
  6. «Protect Snow Leopard Habitat / Siberia». forests.org. Henta 31. juli 2007. 
  7. «Altai: Saving the Pearl of Siberia». Henta 30. november 2006. 
  8. Leigh Fenly (2004). «Archaeology News». Henta 27. novmber 2007.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  9. «Minor nationality of Russia demands the return of "Princess of Ukok"». Pravda. 11. februar 2005. Henta 27. november 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]