Ullmannitt
Utsjånad
| Ullmannitt | |||
| | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Sulfidmineral | ||
| Kjemisk formel | NiSbS | ||
| Strunz-klassifisering | 02.EB.25 | ||
| Krystallsymmetri | Isometrisk tetartoidal H-M-symbol: 2 3 Romgruppe: P213 | ||
| Einingscelle | a = 5,91(2) Å; Z = 4 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Stålgrå til tinnkvit | ||
| Krystallsystem | Kubisk | ||
| Tvilling | Penetrerande tvillingar kring [110] | ||
| Kløyv | perfekt på {001} | ||
| Brot | Ujamn | ||
| Fastleik | Sprø | ||
| Mohs hardleiksskala | 5-5,5 | ||
| Glans | metallisk | ||
| Transparens | Ugjennomsiktig | ||
| Spesifikk vekt | 6,65-6,85 | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
Ullmannitt, antimonnikkelglans eller nikkelantimonglans er eit tinnkvitt til stålgrått ertsmineral, NiSbS. Det krystalliserer kubisk.
Det vart først skildra i 1843 etter ein førekomst i Storch- og Schöneberggruva i Nordrhein-Westfalen i Tyskland.[3] Det er kalla opp etter den tyske mineralogen J. C. Ullmann (1771–1821).
I Noreg er det påvist frå Bjørkåsen og Mofjellet gruver i Nordland og frå Espeland i Vegårshei.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ullmannitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.