Ullsfjorden i Finnmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°18′1.6596″N 22°0′17.744″E Ullsfjorden (samisk Ullovuotna) er ein fjord i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5,5 km sørvestover til Ullsfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Gammelværneset i vest og Nuven i aust. Det finst spreidde bustader langs med fjorden, men ingen av desse har vegsamband. Fjorden er omgjeve av høge fjell på begge sider. Rokkenestinden (808 moh) ligg på vestsida, medan Mollviktinden (688 moh) og Middagsfjellet (1057 moh) ligg på austsida.