Ullswater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ullswater
innsjø
none  Den mindre og nedre delen, sett frå Hallin Fell
Den mindre og nedre delen, sett frå Hallin Fell
Område Lake District i England
Høgd over havet 145 moh moh
Lengd 11 8 km[1] km
Breidd 1 02 km[1] km
Volum 223 x 106[1] km³
Areal 8 9 km²[1] km²
Byar Glenridding, Pooley Bridge
Wikimedia Commons: Ullswater

Ullswater er den nest største innsjøen i Lake District i England, og er om lag 12 km lang og 1 km brei. På det djupaste er han kring 60 meter.

Ullswater frå Seldom Seen i Glencoynedale.

Innsjøen er skapt av isbrear under den siste istida. Fjella kring Ullswater formar innsjøen som ein lang 'Z' som delar innsjøen i tre delar.

Opphavet til namnet 'Ullswater' er uklårt. Somme meiner det kjem frå namnet på ein norsk høvding, Ulf, som styrte over området[2], men det var òg ein gong ein saksisk Lord av Greystoke kalla Ulphus ved innsjøen.[3]

Landsbyen Glenridding ligg ved sørenden av innsjøen, og frå her går mange fotturistar forbi innsjøen på veg til fjella i området, mellom anna det tredje høgaste i England, Helvellyn. Landsbyen Pooley Bridge ligg heilt nord ved innsjøen. Det går fleire båtar på vatnet mellom landsbyane. Det er òg populært å segle på vatnet.

Donald Campbell sette verdsrekorden for høgast fart på vatn på Ullswater den 23. juli 1955, då han fekk vassflyet Bluebird K7 opp i ein fart på 325,53 km/h.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]