Uniforum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Uniforum er ei nettavis og tidlegare tidsskrift utgjeve av Universitetet i Oslo. Avisa skal «gi sakleg og fri informasjon og meiningsutveksling frå Universitetet i Oslo på tvers av institutt- og fakultetsgrenser og administrative nivå».[1] Avisa er ein del av Fagpressen.[2] Ansvarleg redaktør sidan august 1997 er Martin Toft.[3][4]

Uniforum vart grunnlagd i 1986 av daverande informasjonssjef på universitetet Tove Nielsen. Avisa var tidlegare ein del av Kommunikasjonsavdelinga på universitetet, men vart i 2009 skilt ut som ei eiga eining Universitetsstyret.[5] I 2011 utkom Uniforum omtrent kvar 14. dag i studieåret, og hadde eit opplag på 13 850 eksemplar.[6]

Uniforum har vorte redigert etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten sidan april 2005.[7]

Nedlegging av papiravisa[endre | endre wikiteksten]

På grunn av manglande ressursar til å trykkja og distribuera papiravisa, vedtok styret i Uniforum 17. mars 2011 at papiravisa skulle leggjast ned frå august 2011.[8] I juni same år bad Universitetsstyret om at Uniforums styre skulle handsama saka på nytt, og i september gjekk styret for Uniforum inn for å gjere om vedtaket blant anna på grunnlag av at papirutgåva hadde fleire lesarar enn nettutgåva.[8] I januar 2012 vart papiravisa gjeninnført etter at Universitetsstyret gav avisa ei ekstraordinær løyving på 250 000 kroner.[9][10]

27. september 2016 stemde styret i Uniforum på nytt for å leggja ned papiravisa for å spara pengar på trykking og distribusjon og styrke nettredaksjonen.[11] Siste utgåve av papiravisa vart utgjeven 15. desember 2016.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]