United States Statutes at Large

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nokre band av Statutes at Large

United States Statutes at Large er den offisielle, permanente samlinga av lovar, vedtak og resolusjonar vedtekne av Kongressen. Samlinga blir gjeven ut og nummerert etter kvar kongressesjon som ein kompilasjon av enkeltvedtaka i sesjonen.[1]

Utgjevinga av United States Statutes at Large tok til i 1845 av det private forlaget Little, Brown and Company, med heimel i ein kongressresolusjon. I 1874 overførte Kongressen utgjevinga til det offentlege organet Government Printing Office. Den praktiske publiseringa blir i dag utført av National Archives and Records Administration.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om lovsamlinga

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]