University College London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
University College London

University College London (UCL) er eit kollegium ved University of London. Det har omkring 25 000 tilsette og studentar, og er dermed større enn dei fleste britiske universitet. Det er òg blant dei eldste utdanningsinstitusjonane i Storbritannia.

UCL er medlem av Russell Group of Universities, der det høyrer til elitegruppa G5 saman med Oxford, Cambridge, LSE og Imperial.

UCL hadde i 2008 sjuande plassen globalt på Times´ liste over verdas beste universitet.[1] Hovudcampus ligg på Gower Street i Bloomsbury i det sentrale London.

UCL vart grunnlagt i 1826 under namnet University of London, som eit alternativ til dei religiøse universiteta i Oxford og Cambridge. Først i 1836, då det som i dag er University of London vart grunnlagt, fekk UCL offentleg heider og høve til å tildele universitetsgrader. Dermed er det det tredje eldste universitetet i England i høve til grunnleggingsdatoen, men sidan University of Durham vart grunnlagt i 1832 og King's College London i 1829 er det ut frå godkjenningsdatoen det femte eldste og ikkje ein gong det eldste kollegiet i University of London.

Kollegiet var den første høgare utdanningsinstitusjon i Storbritannia som aksepterte studentar av alle rasar, religionar og politiske oppfatningar. Det var òg kanskje det første som aksepterte kvinner som studentar på like vilkår med menn, men University of Bristol hevdar òg å ha vore først ute med dette. Spørsmålet er vanskeleg å avgjere fordi ein òg tidlegare aksepterte kvinnelege studentar, men då under andre vilkår enn mannlege, og det er uklart når desse vilkåra vart endra i praksis. Det var òg det første universitetet i England som fekk ein studentunion for alle studentar; tidlegare unionar var kjønnsdelt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Times - THES QS Top Universities, 201-300.