University of Maine
University of Maine | |
![]() | |
Grunnlagt | 1863 |
---|---|
Type | delstateigd |
Stad | Farmington, Maine |
Studentar | 23 000 (2006) |
Tilsette | 1 583 (2006) |
Nettstad | www.uMaine.edu |
University of Maine er eit delstatseigd universitet oppretta i Farmington, men med flaggskipcampus i Orono i delstaten Maine i USA. Det vart oppretta i 1863 som Maine College of Agriculture and the Mechanic Arts, under Morrill Act. Universitetssystemet har seks lærestader. Fagretningar innan landbruk- skogbruk og fiskeri er framleis dei viktigaste faglege fokusområda.
Lærestadane i universitetssystemet er:
- University of Maine at Farmington (1863) – 2 424 studentar
- University of Maine at Orono (1865) – 11 435 studentar
- University of Maine at Fort Kent (1878) – 1 076 studentar
- University of Maine at Presque Isle (1903) – 1 548 studentar
- University of Maine at Machias (1909) – 1 259 studentar
- University of Maine at Augusta (1965) – 5 257 studentar
Ved universitetet var det 22 999 studentar og 1 583 vitskaplege tilsette i 2006, og same året var skulepengane i snitt ca. US$ 5 500 for studentar folkeregistrert i Maine. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå ved campusen i Orono.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «University of Maine» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2013.