Unstrut
| Unstrut | |||
| elv | |||
Bru over Unstrut | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 192 km | ||
| Kjelde | Thüringen | ||
| Munning | Saale | ||
![]() Unstrut 51°18′58″N 10°16′35″E / 51.3161°N 10.2764°E | |||
| Wikimedia Commons: Unstrut | |||
Unstrut er ei elv i Thüringen og Sachsen-Anhalt i Tyskland og ei av sideelvane til Saale frå venstre med ei lengd på 192 km. Ho har sitt utspring nord i Thüringen nær Dingelstädt (vest for Kefferhausen i Eichsfeld-området). I dei nedre områda renn ho inn i Sachsen-Anhalt og munnar ut i Saale nær Naumburg. Byar langs Unstrut er mellom anna Mühlhausen, Sömmerda, Bad Frankenhausen, Artern, Roßleben og Freyburg. Av sideelvar finn ein Gera, Wipper, Helme og Lossa.
I lag med Saale dannar Unstrut vindistriktet Saale-Unstrut. Den kjende musserande vinen Rotkäppchen vert produsert i kjellarane i Freyburg.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Strödu på gamal høgtysk tyder «myraktig krattskog», og forstavinga un- gjer denne meininga sterkare, noko som tyder at Unstrut er eit svært myraktig område. I 575 vart elva kalla Onestrudis, på 600-talet Unestrude og i 994 Vnstruod.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Unstrut frå Engelsk Wikipedia .
