Urkiola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Panorama utsyn over Urkiola. Frå venstre til høgre: Anboto, Alluitz, Aitz Txiki, Untxillaitz.
Unzillaitz med Oiz i bakgrunnen
Anboto

Urkiola er ei fjellkjede i Baskarfjella i Bizkaia, nær Durango, vest i regionen Baskarland i Spania. Det høgaste fjellet i fjellkjeda er Anboto (1331 moh). Fjellkjeda går frå vest til aust og er ein del av vasskiljet mellom Atlanterhavet og Middelhavet.

Fjella består av fleire kalksteinsmassiv, frå vest til aust:

Sør for kalksteinstoppane ligg to avrunda fjelltoppar, Saibigain og Urkiolamendi (1011 moh).

Heile området er ein del av Urkiola naturpark oppretta av dei baskiske styresmaktene for å bevare det rike naturområdet, ofte kalla «Vesle Sveits». Området ligg nær Bilbao.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Panorama av Urkiola frå Saibigain. Frå venstre til høgre: Eskubaratz, Mugarra, Untxillaitz, Aitz Txiki, Alluitz, Anbotoryggen, Anboto. I bakgrunnen Ganekogorta (venstre) og i midten Oiz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]