Urpremiere
Utsjånad
Urpremiere er ei nemning for den aller første framsyninga, urframføringa, av eit teaterstykke eller ein opera.
Stykke som vert urframført er til vanleg nyskrivne, men det finst døme på at det har gått lang tid frå eit stykke er skrive til det vert urframført. Når eit tidlegare framført stykke vert sett opp på nytt, vert den første framføringa kalla ein premiere. Forleddet «ur-» er eit forsterkande prefiks, det same ordet som vi finn i prefikset «ør-» (som i «ørliten»).