Utbreiing av nordisk klinkbyggingtradisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Under arbeid: Denne artikkelen er under arbeid, og er ikkje fullstendig ennå. Det kan ventast at artikkelen blir utvida og/eller omarbeidd.
Det har ikkje vore gjort endringar på artikkelen på ei veke, så denne markeringa kan no fjernast. localtimestamp=20240420200502 (1713643502 unixtime), revisiontimestamp=20231009224249 (1696891369 unixtime), localtimestamp-revisiontimstamp=16752133 sekund

Utbreiing av nordisk klinkbyggingtradisjon fortel om bruk av klinkbygde båtar i dag. I dag vert klinkbyggingtradisjonen halden i hevd fleire stader i Norden. Det er organisasjonar, institusjonar og interesserte personar som overfører tradisjon og kunnskap. Ein finn klinkbåtrelaterte aktivitetar i kyst- og havområd, fjordar, på øyar, elvar og vassdrag i Danmark, Færøyane, Finland, Island, Norge, Sverige og Åland. Det eksisterar samiske og kvenske tradisjonsberarar og miljø. Klinkbåttradisjonane lever og utanfor Norden, som i landa kring Nordsjøen og Østersjøen [1]

Norske båttypar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tradisjonelle norske bruksbåtar.
Samling koggar i Stavern
  • Austnorske båtar har mange og smale bordgangar. Stamnane er festa rett på kjølen. Banda er kraftige. Toftene er oftast fastnagla. Esingane går langs ripa frå stamn til stamn. Dei er for det meste bygde av eik. Høvet mellom lengd og breidd er ofte kring 3. Austnorske båtar har oftast hatt tollegangar/åregaflar og runde årar. Gode seglbåtar der sprisegl har vore vanleg. Austnorske båtar har mykje felles med båtar frå dei nære kyststroka i Danmark og Sverige.
Ein Nordmørsbåt
  • Til Vestnorske båtar tek ein med resten av kysten, frå Rogaland til Kolahalvøya: Dette fordi ein her finn så mange felles trekk: Dei er lettare og meir eigna til roing. Esingane er ikkje så lange, og båtane vert ledigare. Høvet mellom lengd og breidd er frå 3 1/2 til 4 1/2. Dei fleste av desse båtane hadde keipar, og det vart brukt firkanta årar som ikkje vart vridde under roinga.

Båtar på Vestlandet og i Nord-Noreg har tradisjonelt hatt råsegl.

Svenske bruksbåtar[endre | endre wikiteksten]

Liksom i Noreg er båtane skapte etter forhold dei skal brukast under, der vind og straum er avgjerande. Det som vert kalla «allmogebåt, är en arbetsbåt i trä för att möjliggöra ett liv för de boende i skärgården och längs kustbandet».[2] Desse svenske allmogabåtane var vanleg i bruk fram til 1950-talet.

Båtar langs vestkysten[endre | endre wikiteksten]

Det er stor likskap mellom båtar vi finn kring Skagerak, I Danmark, Noreg og Sverige. Her har ein dei vanlegaste båttypene i Bohuslän:

  • Eka er ein rundbotna robåt med akterspegel. Framme er og ein, mykje mindre spegel, kalla snadan. Han er som regel bygd av furu, fem eller seks bordgangar. Kjølen og esinga langs ripa er av eik. Eka kan seglast. Vanleg storleik er 12-14 fot.
  • Doriser ein båttype heimehøyrande på Herrön vest for Tjörn. Han har vorte utvikla frå doryar, som med variasjonar er utbreidd over heile Nord-Europa. Dorisen er gruntgåande og svært sjødyktig. Han har akterspegel og tre klinka bordgangar. Botnborda er tverrgåande.
  • Julle er ein plattgatta, mjuk ro- og seglbåt. Han vert bygd i furu, med 7-8 bordgangar Han er skarpbygd i botnen og ein god seglbåt med gode sjæ/æeigenskapar.. Til vanleg rigga med sprisegl,med storsegl og forsegl.Vanleg storleik er kring 16 fot.
  • Snipa er ein båt som tilsvarar austnorsk snekke. Han er kraftig bygd, har ofte to mastetofter, så han kan seglast både med spri- og gaffelsegl.Han kan of føre toppsegl.Vanleg storleik er 16-19 fot.
  • Vässing er ein spissgatta robåt som og vert rigga med segl. Han er fyldig over vatnet, men med smidig og skarp botnform. Skrogforma vert rekna som svært gammal, som og har vorte kalla rorbåt, liten kult,basse, fockebåt eller tosejlare. Han kan ha opp til tre segl, Spri-storsegl, fokk og toppsegl.Vanleg storleik er 17-19 fot.
  • Kåg er ein kraftig runda spissgatta (rundgatta) ro og seglbåt for fiske og småfrakt. Han kan byggast med vekt på segleigenskapar, eller som robåt med rundare botn. Den seglande kågen kan ha to master med sprisegl,dessutan kan han ha kløverbom og to forsegl.
  • Däcksbåt har vorte mykje brukt som fiskebåt. Oftast ein kraftig båt med ei mast, bygd i eik. Vanleg seglføring har vore gaffelsegl, med toppsegl, fokk og klyver. Han har vorte nemnd etter kva fiske han har dreve, som garnbåt eller dörjebåt. Vanleg storleik er 30-37 fot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det nordiske klinkbåt charteret» (PDF). Forbundet Kysten. Henta 3.oktober 2023. 
  2. «BÅTTYPER». Föreningen Allmogebåtar. Henta 1.oktober 2023. 
  • Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Charter for vern av nordiske klinkbåttradisjoner