Utryddingstruga språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kategoriar for språkstatus frå UNESCO Atlas of the World's Languages in Danger

Utryddingstruga språk er dei språka som risikerer å døy ut. Desse blir delt inn i fem kategoriar: Truga, klårt utryddingstruga, alvorleg utryddingstruga, kritisk utryddingstruga og utdøydde språk.[1]

Mange utryddingstruga språk har færre enn 1 000 talarar. Ofte er det slik at det er fleire talarar i dei eldre enn i dei yngre aldersklassane. Òg språk med mange talarar kan vere utryddingstruga. I 2017 oppgav Instituttet for språk og folkeminne (ISOF) at det finst 6–7 000 språk i verda.[2][3] Ifølge Unesco var bortimot halvparten av språket i verda truga (2014) og språkeksperten deira Christopher Moseley oppgav 2013 at det forsvann eitt språk i månaden.[2][4]

Grunnen til at eit språk blir utrydda på sikt er at det ikkje blir lært ut som morsmål.[4] Vaksne talarar blir tospråkleg og vel deretter å ikkje lære bort morsmålet sitt til ungane sine.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UNO (20. februar 2009). «UNESCO:s uppdaterade atlas presenterar utrotningshotade språk». Förenta Nationerna (på svensk). Henta 4. april 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Safeguarding endangered languages». Arkivert frå originalen 9 april 2014. Henta 18 november 2012. 
  3. «Utrotningshotade språk». www.isof.se (på svensk). Henta 6. april 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Utrotningshotade språk: Hur kan Europa skydda dem? | Nyheter | Europaparlamentet». www.europarl.europa.eu (på svensk). 4. april 2013. Henta 6. april 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]