Učka
Utsjånad
Učka | |||
fjell | |||
Land | Kroatia | ||
---|---|---|---|
Høgd | 1 401 moh. | ||
Koordinatar | |||
Učka 45°15′N 14°12′E / 45.25°N 14.2°E | |||
Wikimedia Commons: Učka |
Učka (italiensk: Monte Maggiore) er det høgaste fjellet på halvøya Istria nord i Kroatia. Fjelltoppen Vojak er det høgaste punktet med 1 401 m.
Učka er synleg stort sett alle stader frå halvøya og har snødekke enkelte månadar av året. Byen Opatija (italiensk Abbazia) skal ha vore ein populær feriestad i Habsburgmonarkiet sidan han låg «i skuggen» til Učka, som i følgje ei segn skal verne mot den steikande middelhavsvarmen om sommaren.
Området på og rundt Učka er erklært ein naturpark.