Habsburgmonarkiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Habsburgermonarchie
Habsburgmonarkiet
Rike
Flag of Austria.svg
 
Flag of Hungary (15th century, rectangular).svg
 
Flag of Bohemia.svg
 
CoA of the Kingdom of Croatia.svg
15261804 Flag of the Habsburg Monarchy.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpenskjoldet til Karl V
Nasjonalsong
Ingen
Keisarsong
Gott erhalte Franz den Kaiser
Plasseringa til Habsburgmonarkiet
Habsburgmonarkiet på høgda under Karl V i 1547.
Hovudstad Wien
Praha (1583–1611)
Språk tysk, ungarsk, rumensk, kroatisk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk, spansk, italiensk, polsk, rutensk
Religion Offisiell religion:
romersk-katolsk
Respekterte religionar:
Kalvinisme, lutheranisme, ortodoks kristendom
Styreform Monarki
Keisar, konge,
& erkehertug
 - 1526–1564 Ferdinand I (første)
 - 1792–1804 Frans II (siste)
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1526
 - Erklæringa av Riket 1804
I dag ein del av Flag of Austria.svg Austerrike
Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia og Herzegovina
Flag of Croatia.svg Kroatia
Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia
Flag of France.svg Frankrike
Flag of Germany.svg Tyskland
Flag of Hungary.svg Ungarn
Flag of Italy.svg Italia
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Flag of Poland.svg Polen
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Serbia.svg Serbia
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Flag of Slovenia.svg Slovenia
Flag of Spain.svg Spania
Flag of Switzerland.svg Sveits
Flag of Ukraine.svg Ukraina

Habsburgmonarkiet var eit uoffisielt namn på områda som vart styrt av den austerrikske greina av Huset Habsburg (1278-1780) og det etterfølgjande huset Habsburg-Lothringen (frå 1780) mellom 1526 og 1867/1918. Hovudstaden var stort sett Wien, bortsett frå 1583 til 1611,[1] då hovudstaden var i Praha.

Monarkiet frå 1804 til 1867 vert vanlegvis kalla Keisardømet Austerrike, og frå 1867 til 1918 Austerrike-Ungarn. I visse samanhengar viser «Habsburgriket» stundom til heile Habsburgfamilien sine område som ein gong vart styrt av Karl V av Det tysk-romerske riket, eller til Det spanske riket styrt av den spanske greina av familien.

Habsburg-familien ætta frå Habsburgborga i dagens Sveits og kom etter 1278 til makta i Austerrike. Habsburgfamilien vart etter kvart ei mektig ætt i Europa gjennom giftarmål og den første kongressen i Wien med keisar Maximilian I. Ludvig II, konge av Böhmen, Ungarn og Kroatia, var adoptert av Maximilian, og då han døydde i 1526 vart erkehertug Ferdinand av Austerrike den neste kongen i desse områda.[1] Ferdinand var den yngre broren til keisar Karl V. Frå denne tida voks monarkiet og på det største dekte det halve Europa.

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Austerrike-Ungarn om lag 1900

Namna på området som (med nokre unntak) til slutt vart Austerrike-Ungarn:

  • Habsburgmonarkiet eller Det austerrikske monarkiet (1526–1867): Dette var uoffisielle namn, men vart mykje nytta sjølv på den tida. Eininga hadde ikkje noko offisielt namn. Habsburgmonarkiet vert stundom òg teknisk sett nytta om perioden 1276–1918 då Habsburg-familien styrte monarkiet (erkehertugdømet) som låg i dagens Austerrike, og «Det austerrikske monarkiet» kan vise til monarkiet som låg i dagens Austerrike 1156–1867.
  • Keisardømet Austerrike (tysk Kaisertum Österreich) (1804–1867): Dette vart det offisielle namnet.
  • Austerrike-Ungarn (1867–1918): Dette var det offisielle namnet. Uoffisielle namn som vart ein del nytta var Donaumonarkiet (tysk Donaumonarchie) eller Doppel-Monarchie («Dobbelmonarkiet») som viser til at to statar vart styrt av ein monark.
  • Kronlanda (tysk Kronländer) (1849–1918): Dette var namnet på alle dei individulle delane av Keisardømet Austerrike (etter 1849) og så Austerrike-Ungarn. Kongedømet Ungarn (eller meir nøyaktig Landområda til den ungarske krona) vart ikkje rekna som eit «kronland» etter at Austerrike-Ungarn vart oppretta i 1867, så «kronlanda» var identisk med dei som vart kalla Kongedøma og landa representert i riksrrådet (tysk Die im Reichsrate vertretenen Königreiche und Länder).

Den ungarske delen av riket vart kalla «Landa til den heilage Stefan-krona» (tysk Länder der Heiligen Stephans Krone). Det bøhmiske (tsjekkiske) landområdet vart kalla «Landa til Wenzel-krona» (tysk Länder der Wenzels-Krone).

Namn på nokre av dei mindre områda:

  • Dei austerrikske landa (tysk Österreichische Länder) eller «Erkehertugdøma i Austerrike» (tysk Erzherzogtümer von Österreich) - Land oppfor og nedanfor Enns (tysk ober und unter der Eins) (996–1918): Dette er det historiske namnet på delar av Erkehertugdømet Austerrike som vart dagens Austerrike (tysk Republik Österreich) den 12. november 1918 (etter keisar Karl I abdiserte frå trona). Det moderne Austerrike er ein halvvegs føderal republikk med ni delstatar (Bundesländer) som er: Niederösterreich, Oberösterreich, Tirol, Steiermark, Salzburg, Kärnten, Vorarlberg, Burgenland og hovudstaden Wien, som er ein eigen delstat. Burgenland kom til Austerrike frå Ungarn i 1921 etter ei folkeavstemming. Salzburg vart austerriksk i 1816 etter napoelonskrigane. Før den tid var det eit eige kurfurstedøme. Wien vart hovudstad i Austerrike 1. januar 1922, etter å ha vore hovudstad i Keisardømet Austerrike og residens for Habsburg-monarkane i fleire hundreår. Ober- og Niederösterreich (Øvre og Nedre Austerrike) vart historisk delt inn i «Austerrike ovanfor Enns» og «Austerrike nedanfor Enns». Enns er i dag grensa mellom dei to delstatane.
  • Arvelanda (tysk Erblande eller Erbländer; som oftast Österreichische Erblande), Dei tyske arvelanda (i Det austerrikske monarkiet) eller Dei austerrikske arvelanda (mellomalderen – 1849/1918): Dette vert ofte rekna som det «opphavlege» austerrikske området til Habsburg-familien, det vil i hovudsak sei dei austerrikske områda og Krain (altså ikkj Galicia, dei italienske områda eller Dei austerrikske Nederlanda). Stundom vert òg Landaområda til den bøhmiske krona òg rekna med (frå 1526; definitivt frå 1620/27) til Arvelanda. Uttrykket vart erstatta av «Kronlanda» i 1849 (sjå over), men vart stundom nytta òg etter dette. Erblande inkluderer òg mange små og området som var fyrstedøme, hertugdøme, grevskap og liknande.

Landområda[endre | endre wikiteksten]

Landområda som vart styrt av Habsburg-familien endra seg mykje gjennom hundreåra, men kjernen bestod alltid av fire blokker:

Gjennom historia var òg andre landområde under dei austerrikske habsburgarane sitt styre (enkelte vart styrt av andre greiner i Habsburg-dynastiet):

Grensene til enkelte av desse områda varierte i dei periodane som er gjevne her og andre vart styrt av forskjellige greiner (secundo-geniture) av Habsburg-familien. Huset Habsburg hadde og tittelen tysk-romersk keisar frå 1438 til 1740 og frå 1745 til 1806.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Det habsburgske flagget

Landområda til huset Habsburg danna i røynda ikkje eit enkelt land - kvar provins vart styrt med sine eigne særeigne skikkar. Fram til midten av 1600-talet var ikkje ein gong alle områda styrt av same person og yngre familiemedlemmer styrt ofte delar av Arvelanda som privat apanasje. Det vart gjort fleire seriøse forsøk på sentralisering under Maria Teresia, og særleg son hennar Josef II på midten og slutten av 1700-talet, men mange av desse planane vart skrinlagt då det var stor motstand mot dei radikale reformene til Josef. I perioden vart det likevel prøvd og gjennomført ei meir forsiktig sentralisering.

Eit større forsøk på sentralisering vart sett i gang igjen i 1849 etter at fleire opprør i 1848 vart slått ned. For første gong prøvde ministrar å omforme monarkiet til ein sentralisert byråkratisk stat styrt frå Wien. Særleg Kongedømet Ungarn slutta å eksistere som ei separat eining og vart delt inn i fleire distrikt. Etter at Habsburgmonarkiet tapte krigar i 1859 og 1866, gjekk ein bort frå denne politikken og etter fleire år med eksperimentering kom ein fram til det austerriksk-ungarske kompromisset i 1867, der det såkalla dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn vart oppretta. I dette systemet fekk Kongedømet Ungarn suverenitet og eit eige parlament, og berre ein personalunion og eit felles utanriks- og militærstyre knytte det til resten av Habsburgområda.

Austerrike-Ungarn kollapsa på grunn av forskjellige uløyste etniske problem som kom fram i lyset etter tapet i den første verdskrigen. I fredsforhandlingane som følgde vart store område avstått til Romania og Italia, dei nye republikkane Austerrike (dei tysk-austerrikske landområda og Arvelanda) og Ungarn (kjernen i det gamle kongedømet) vart oppretta og resten av områda til monarkiet vart delt mellom dei nye statane Polen, Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia) og Tsjekkoslovakia.

Habsburgområda utanfor Habsburgmonarkiet[endre | endre wikiteksten]

Habsburgmonarkiet må ikkje forvekslast med dei forskjellige områda som til forskjellige tider vart styrt av medlemmer frå huset Habsburg. Den eldre spanske greina av habsburgarar styrte Spania og forskjellige andre område frå 1516 til ho døydde ut i 1700. Ei yngre grein styrt Toscana mellom 1765 og 1801 og igjen frå 1814 til 1859. Medan dei var i eksil frå Toscana styrte denne greina Salzburg frå 1803 til 1805 og i Würzburg frå 1805 to 1814. Ei anna grein regjerte i Vorlande frå 1803 til 1805 og Modena frå 1814 til 1859, medan keisarinne Marie Louise, den andre kona til Napoleon og dotter av den austerrikske keisar Frans, styrt over Hertugdømet Parma mellom 1814 og 1847.

Herskarar av Habsburgmonarkiet, 1526-1918[endre | endre wikiteksten]

Habsburg[endre | endre wikiteksten]

Habsburg-Lothringen[endre | endre wikiteksten]

  • Josef II 1780-1790 kjend som «den store reformatoren»
  • Leopold II 1790-1792 frå 1765-1790 Storhertug av Toscana
  • Frans II 1792-1835 vart keisar Frans I av Austerrike i 1804, då teljinga starta på ny.
  • Ferdinand I 1835-1848 kjend som Ferdinand den gode
  • Frans Josef I 1848-1916 bror til keisar Maximilian av Mexico (styrte 1864-1867)
  • Karl I 1916-1918 den siste regjerande monarken av Austerrike
  • Otto von Habsburg-Lothringen eller stundom kalla Otto von Österreich, kronprins av Austerrike og kalla Otto von Habsburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Czech Republic - Historic Centre of Prague (1992)" Heindorffhus, August 2007, HeindorffHus-Czech.