Vaktmeister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein vaktmeister er ein person som har heile eller delar av ansvaret for vedlikehaldet av ei eller fleire bygningar og ofte eit overordna koordineringsansvar ved større arbeid på bygningen. Vaktmeister vert òg kalla driftsleiar, ein tittel som er teken i bruk i nyare tid i staden for vaktmeister.

Som oftast er ein vaktmeister eller driftsleiar i dag tilsett av ei juridisk eining som disponerer ein særskild bygningsmasse, t.d. eit bustadsamvirke eller ein skule, og har då normalt ansvar for vedlikehaldet av heile bygningsmassen og uteområda til denne eininga. Vaktmeisteren eller driftsleiaren kan vera den einaste tilsette med denne oppgåva, men kan òg ha ein eller fleire assistentar.

Pedell er ei eldre nemning på ein vaktmeister, særleg ved skular, samfunnshus og liknande, som hadde leilegheit i/ved bygget. I nokre tilfelle var arbeidsplikta ein del av husleiga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]