Valfar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om ordet. For artisten Valfar, sjå Terje Bakken.

Valfar (òg skrive Valfader) er eit gamalt norsk ord med opphav i norrønt språk Valfoðr, far deira falne. Namna er nytta som eit av mange namn på den norrøne guden Odin. I norrøn mytologi er det ei førestilling om at dei som fell i krig eller kamp hamnar hjå Odin i Valhall, dei falne sin hall. I Valhall slost krigarane til dei døyr. Etterpå kan dei stå opp att like heile.