Valfusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Valfusk er ei eller fleire ulovlege handlingar som vert gjorde for å prøve å påverke resultatet i ei avstemming. Det finst mange og til dels avanserte metodar å drive valfusk på. Dei kan gjelde påverknad av dei som skal stemme, forstyrring av stemmegjevinga og påverknad av oppteljinga.

Påverknad av dei som skal stemme skjer oftast gjennom truslar eller lokkemiddel/betaling, og at ein hindrar enkelte kandidatar i å presentere sitt syn i media. Forstyrring av stemmegjevinga kan skje ved at ein hindrar folk i å nå stemmelokalet, at ein tettar stemmeurnene, at ein plasserer ut falske stemmeurner, at ein gjev falske stemmer, eller ved at ein manipulerer manntalet slik at folk som har stemmerett likevel ikkje får stemme. Oppteljinga kan påverkast gjennom forkasting eller underkjenning av ugyldige stemmer under oppteljinga eller at ein påstår at ein har «mista» stemmer. Ved elektroniske val kan ein hindre stemmer i å verte talde, eller ein kan programmere rutinar slik at stemmene vert registrerte på feil personar.

I ein del val brukar ein valobservatørar for å kontrollere om val går rett føre seg. Bruk av valobservatørar er mest vanleg i ganske unge og/eller urolege nasjonalstatar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]