Vanadzor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Vanadzor (armensk: Վանաձոր) er ein by i Armenia, 70 kilometer nordvest for Jerevan og 1350 meter over havet. Byen hadde i 2006 eit innbyggjartal på 105 600. Han vart grunnlagd i 1826 og heitte fram til 1935 Karaklis, og mellom 1935 og 1993 Kirovakan. Byen fekk store skadar av eit jordskjelv i 1988.

Vanadzor er ein industriby med omfattande kjemisk industri. Her vert produsert presisjonsinstrument, maskiner, tekstil, næringsmiddel og meir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Vanadzor» i Store norske leksikon, snl.no.