Vanleg grøndusk
Utsjånad
| Vanleg grøndusk | |
Vanleg grøndusk | |
| Status | |
| Status i Noreg: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Grønalgar Chlorophyta |
| Underrekkje: | Chlorophytina |
| Klasse: | Ulvophyceae |
| Orden: | Cladophorales |
| Familie: | Cladophoraceae |
| Slekt: | Cladophora |
| Art: | Vanleg grøndusk C. rupestris |
| Vitskapleg namn | |
| Cladophora rupestris | |
Vanleg grøndusk er ein fleirårig grønalge som veks i Atlanterhavet, Austersjøen og Middelhavet. Han er vanleg langs heile kysten i Noreg.[1] Planten veks på berg og steinar.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Planten er 5–20 cm høg, noko stiv, mørkegrøn og særleg rikt utstyrt med greintafsar. Forgreininga er tett, og greintafsane kan vere korte eller lange og retta til ulike sider. Tafsane er bygd av trådar av sylindriske celler i enkel rad.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Vanleg grøndusk er registrert i Austersjøen, Nordsjøen og Nord-Atlanteren og i Middelhavet, og i desse landa: Polen, Nederland, Belgia, Frankrike, Storbritannia, Irland[2] og Noreg.[3]
Førekomst i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Ein kan finna arten på 15-20 m djupn, men han er elles typisk for grunt vatn der han går inn som undervegetasjon i sagtangbeltet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vanlig grønndusk» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
- Referansar
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 2022-03-13. Henta 2022-03-13.
- ↑ Marinespecies.org
- ↑ Husa V, Eilertsen M, Langangen A, Schneider S og Steen H (2021-11-24). «Alger: Vurdering av vanlig grønndusk Cladophora rupestris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021». Artsdatabanken. Henta 2022-03-13.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) vanleg grøndusk hos Artsdatabanken
- (en) vanleg grøndusk – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) vanleg grøndusk i Encyclopedia of Life
- (en) vanleg grøndusk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) vanleg grøndusk hos Dyntaxa
- (en) vanleg grøndusk hos ITIS
- (en) vanleg grøndusk hos NCBI
- (en) Kategori:Cladophora rupestris – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cladophora rupestris – detaljert informasjon på Wikispecies