Vannøy oppvekstsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vannøy oppvekstsenter ligg på øya Vanna i Karlsøy kommune og består av Vannvåg skole, Vannvåg barnehage og Vannareid barnehage. Det vart etablert i 2014, og då var også Vannareid skole ein del av senteret. Etter at kommunen bestemte seg for å leggje ned denne skolen i 2016, blei Vanna montessoriskole oppretta i Vannareid på initiativ frå foreldre, for at borna skulle sleppe tre mil skoleveg til Vannvåg.[1]

Per hausten 2018 har Vannvåg skole 20 elevar, Vannvåg barnehage 21 born og Vannareid barnehage 6 born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lanes, Laila og Mathilde Torsøe. (11.4.2016). – Har blitt et utilsiktet våpen mot sentralisering. NRK. Lese den 5.6.2019.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]