Varaha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Varaha drep Hiranyaksja og løfter opp jorda. Måleri frå Chamba frå rundt 1740.

Varaha eller varaha-avatara er ein avatar av hinduguden Visjnu, med form som eit villsvin. I hindumytologien nedkjemper han asuraen Hiranyaksja og løfter jorda opp frå verdshavet med støyttennene sine. Den personleggjorte jorda, Bhudevi, er maken hans.

Varaha kan avbildast som eit dyr eller med menneskekropp og villsvinhovud. I tidlege avbildingar av myta løfter han Bhudevi i menneskeform opp frå havet. I seinare avbildingar kan han også visast med ein del av jorda på ei støyttan.

I dei vanlege listene over dei ti hovudavatarane til Visjnu (Dashavatara) er Varaha nemnd som den tredje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]