Varberg i Egersund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Egersund sentrum sett frå Varberg
Foto: Jon Magne Bøe

Varberg er ein fjelltopp i Eigersund kommune i Rogaland. På toppen har ein flott utsikt over byen og innseglinga til Egersund hamn. Det er sti opp til toppen av Varberg frå ein god parkeringsplass. Det er lett å finne staden, sidan eit stort teletårn er plassert på det høgaste punktet. Kommunen har planar om å få laga ei lysløype rundt Varberg.