Vardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vardal er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Oppland fylke oppretta som Vardal formannskapsdistrikt i 1837.

1. januar 1861 vart Gjøvik skilt ut frå Vardal som eigen kommune og kjøpstad.[1] Vardal hadde etter delinga 4 114 innbyggjarar, Gjøvik 626.[2]

1. januar 1896 vart ein del av Østre Toten kommune med 49 innbyggjarar overført til Vardal.[2]

1. januar 1900 vart ein ubygd del av Søndre Land kommune overført til Vardal.[2]

1. juli 1921 vart ein del av Vardal med 723 innbyggjarar overført til Gjøvik og på same dato i 1955 vart enno ein del med 1 372 innbyggjarar overført til Gjøvik.[2]

1. januar 1964 vart det meste av Vardal (unntatt Sørligrenda), Biri, Gjøvik og Snertingdal kommunar slegne saman til den nye Gjøvik kommune.[1] Den delen av Vardal som gjekk inn i Gjøvik hadde 9 612 innbyggjarar.[2]

Sørligrenda i Vardal vart slegen saman med Eina, ein del av Gran kommune og Vestre Toten til den nye Vestre Toten kommune. Ved samanslåinga hadde Sørligrenda 87 innbyggjarar.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kristian Gleditsch (1964). «Vardal». I Arnulv Sudmann. Norsk allkunnebok. 10. bandet. Oslo: Fonna. s. 965. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» s. 20-22» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°48′58″N 10°31′29″E