Veøy gamle prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°40′29″N 7°25′38″E

Veøy gamle prestegard
Foto: Frode Inge Helland

Veøy gamle prestegard i Molde kommune ligg like nordvest for Veøy gamle kyrkje, rett utanfor kyrkjegardsmuren.

Prestebol for Veøy er omtala i 1661, men kyrkjestaden er frå mellomalderen. Det skal ifylgje Riksantikvaren ha vore nærare 20 bygningar her. Det som står att i dag, er den freda hovudbygningen saman med ei borgstove og ein låve forutan eit naust i Nørvågen (vel hundre meter aust-nordaust for kyrkja).

Hovudbygningen vert òg kalla Williamsborg og er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel og saltak. Eigentleg dreier det seg om to bygningar som er sette inntil kvarandre, og det er ein nivåforskjell på om lag ein meter i terrenget mellom dei. Tømmeret i den nordlege delen av huset er datert til 1751–52, medan det i den sørlege delen er datert til 1753–54. Huset vart ombygd av William Coucheron-Aamodt i 1905–1906.

I tilknytning til prestegarden har det òg vore eit hageanlegg med fiskedam, men det verker ikkje som om dette har vore halde ved like.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]