Vedgassgenerator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakmontert vedgassgenerator.
Ein Ford 51 lastebil med vedgassaggregat.
Frontmontert vedgassaggregat.

Vedgassgenerator, eller vedgassaggregat er eit aggregat som vert nytta til å produsera vedgass. På grunn av mangen på anna drivstoff vart det under 2. verdskrig nytta vedgass som erstatning både for bilar og traktorar. Køyretøya måtte då utstyrast med vedgassgeneratorar, som produserte vedgass ved ufullstendig forbrenninga av knott. Vedgassgeneratorane tok stor plass og vart som oftast monterte på utsida av køyretøyet. Både front og bakmonterte aggregat var i bruk. I tillegg tok knotten mykje plass.