Veikko Holmberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Veikko Holmberg
Fødd 1945 (76 år)
Inari
Yrke forfattar

Veikko Holmberg (fødd 1945) er ein finsk, samisk barnebokforfattar, redaktør og lærebokforfattar som er fødd i Enare og busett i Utsjok.[1]

Han var m.a. medforfattar i dei viktige læremiddelseriane Davvin og Sámás. Han har skrive barnebøkene Duvro-guovža ja šibitdoaktára rehket med illustratør Marja Helander (1995, norsk Durre-bjørnen og dyrlegeregninga 1996) og Duvro-guovža ja skohtermáđii med illustratør Sissel Horndal (2014, norsk Durrebjørnen og skuterløypa). Den siste av dei er «dedikert til alle som må vika for kravet til storsamfunnet»; og fortel om at «Durrebjørnen og ungen hennes Darre må flytte fra hjemmet sitt, fordi menneskene trenger plass til sine fritidsaktiviteter».[2] Boka vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2015.[3]

Sonen Niillas Holmberg er òg forfattar, og begge var nominerte til Nordisk råds prisar i 2015.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Veikko Holmbegr; davvi.no
  2. Durrebjørnen og skuterløypa; Samisk bibliotektjeneste
  3. «norden.org». Arkivert frå originalen 2015-04-10. Henta 27. oktober 2015. 
  4. Far og sønn nominert til Nordisk råds priser; nrk.no, 26.10.2015