Hopp til innhald

Vektorfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vektorfelt gjeve av vektorar på forma (−y, x)

Eit vektorfelt er ein konstruksjon i vektorrekning som knyter saman ein vektor til kvart punkt i eit (lokalt) euklidsk rom.

Vektorfelt vert ofte nytta i fysikk til å modellere til dømes farten og retninga til ei væske i rørsle, eller styrken og retninga til ei kraft, som ei magnetisk kraft eller tyngdekraft, som endrar seg frå punkt til punkt.