Veldig høg frekvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Veldig høg frekvens (VHF) er elektromagnetisk stråling i området 30 til 300 MHz.[1]

VHF-området vert brukt til kringkasting og telefoni. Radiosignala har normalt ei rekkjevidde like langt som auga kan sjå (Stråling innan synsvidde), og frekvensområdet er særlig godt eigna i Noreg siden radiosignala kan verta reflekterte av fjell som lys av ein spegel. Radiobølgene kan også «krumme seg rundt» ein skarp fjellkam. Ein radiosendar på ein fjelltopp kan difor ha dekning ned i ein dal, sjølv om det ikkje er innanfor synsvidde.

I VHF-området ligg FM-bandet mellom 87,5 og 108 MHz. Andre bruksområde er flynavigasjon 108-118 MHz, flytelefoni, 118-136 MHz, amatørradioband, sokalla «lukka nett» (politi, brannvesen, Raudekrossen osb.), jaktradio og maritim VHF (mellom skip). Øvre delen av VHF-båndet (200-300MHz) har vore nytta til TV-sendingar, trådlause mikrofonar og medisinsk overvaking.

Bølgelengdea er 1–10 meter.[1]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stokke, Knut N. (1994). Fra sender til mottaker: innføring i radiotransmisjon. Stabekk: Vett & Viten. s. 3,37. ISBN 8241201796.