Velykyj Kujalnik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Velykyj Kujalnik
Velykyj Kujalnik
Plassering

Velykyj Kujalnik
46°45′11″ N 30°36′12″ E

Velykyj Kujalnik (Великий Куяльник), eller Bolshoj Kujalnik (Большой Куяльник) er ei elv i Podilsk, Ananjiv, Sjyrjajeve og Ivanivka rajon i Odessa oblast i Ukraina. Munningen er Kujalnikestuaret i Svartehavet. Elva er rundt 150 km lang, og har eit nedslagsfelt på 1860 km².[1] Busetnadane Sjyrjajeve og Ivanivka ligg ved breidden av Velykyj Kujalnik.

Elva i Fedorivka

Historisk har elva vore farbar, og saman med Dnestr blei ho brukt til å transportera varer til Svartehavet, utanom stryka i Dnjepr. I 2007-2008 bygde ulovlege sandhaustarar ein demning ved munningen av elva, slik at Velykyj Kujalnik ikkje rann ut i havet meir. Demningen blei ikkje riven, slik at estuaret tørka ut.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Большой Куяльник» (på Russian). Great Soviet Encyclopedia. Henta 21 May 2016. 
  2. «Куяльник: туманное будущее национального парка» (på Russian). Таймер. 28 June 2010. Henta 21. mai 2016. 
  3. Симоненко, Ольга. «Куяльник погибает: одесское «Мертвое море» обмелело» (på Russian). Odessa-life. Henta 21. mai 2016.