Vermiculitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vermiculitt
VermiculiteUSGOV.jpg
Generelt
KategoriFylosilikat
Kjemisk formel(Mg+2, Fe+2, Fe+3)3 [(AlSi)4O10]•(OH)2•4H2O
Identifikasjon
Fargebrun, gulbrun, gylden gul, bronsegul, grønaktig til svartaktig
Kløyv{001} god
Mohs hardleiksskala1 — 1.5
Glansfeittete eller glasaktig (perleaktig på kløyvplan)
Strekfargekvit eller gulaktig, skinande
Spesifikk vekt2.4 – 2.7 (0.065 — 0.130 når avskala)
Smeltepunkt1350 °C (avskalar ved 900…1000 °C)

Vermiculitt er ei gruppe leirmineral med generell formel (Mg,Fe,Al)3(Si,Al)4O10(OH)2·4H2O. Dei blir danna ved forvitring av glimmerar, som gjev av kalium og opptek vatn. Særleg biotitt vert lett omdanna, først til hydrobiotitt og deretter til vermiculitt.

Ved oppvarming av vermiculitt ekspanderer mineralet (eksfoliasjon) under avgjeving av vatn, flaka krummar seg som ormar (derav namnet) og svulmar opp til ein særs lett og porøs masse. Det vert nytta i store mengder som isolasjonsmateriale, tilsetning til lettbetong og liknande.

Store førekomstar finst blant anna i Montana i USA, og Transvaal i Sør-Afrika. I Noreg er det kjent frå granittpegmatitt i Iveland og som ein ikkje liten bestanddel av leirene i Noreg.

Vermiculitt vart først skildra i 1824 etter ein førekomst i Millbury i Massachusetts i USA. Namnet kjem frå latinsk vermiculare, å avle ormar etter måten mineralet avskalar på når det vert oppvarma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]