Verst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verst (kyrillisk skrift верста) er ei gamal russisk lengdemålseining som svarar til 1066,78 meter, soleis om lag ein kilometer. Eininga svarar til sjudelen av ein russisk mil, og vart delt inn i 500 sasjen eller 1500 arsjin (russiske alen). Ettersom eininga var i bruk på 1800-talet, vil ho vere godt kjend her i landet for lesarar av dei store russiske romanane frå denne tida.

I Finland har dei nytta nemninga virsta, men denne finske virsta var tilpassa for å svare til ein tidels gamal svensk mil, og difor 1068,8 meter lang. I Polen har dei hatt polsk verst som svara til ein sjudel av ein polsk mil og var på 1020,8571 meter.