Vesle Skaugum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesle Skaugum

Vesle Skaugum var ein norsk rekreasjonsleir for personell knytt til RNAF (Royal Norwegian Air Force) i Canada under andre verdskrig. Leiren låg i Finlayson township nordaust for Huntsville, Ontario. Frå 1942 var leiren òg nytta som rekruttskole. Initiativet til etableringa var dåverande major Ole Reistad.

Staden vart kjøpt inn ved hjelp av innsamla pengar seint på våren 1941, sett i stand og nye bygg vart ført opp.

Vesle Skaugum låg på ei landstripe eller eid, mellom to innsjøar, dåverande Dotty lake og Oxbow lake (tidlegare Fatty lake), om lag 25 norske mil nord for Toronto. Då leiren i Toronto vart lagt ned, vart radio/telegrafiskolen der flytta hit.

Då krigen var over, vart Vesle Skaugum i 1945 seld til Kiwanis Club i Toronto, som nytta plassen til leirstad for barn og ungdom i fleire år. I 1979 vart plassen seld og er i dag staden for Olympia sports Camp.

Pengane som kom inn ved salet vart seinare nytta til å skaffe eit nytt Vesle SkaugumGolsfjellet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]