Vevling på fartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vevlingar av ulikt materiale.

Vevlingar vert festa på vant på seglfartøy for å gi fotstøtte under entring av riggen. Dei har tradisjonelt vorte laga av tau, men trelekter og liknande har og vorte brukt. Den som monterer vevlingane står på mellombels oppsurra lekter. Om ein legg tyngd på vevlingane før alle er monterte, vert avstandane mellom vanta skipla, og vevlingane vert ulikt stramme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Kusk Jensen: Haandbog i praktisk sømandsskab.1924,1982.