Vibeke
Utsjånad
Vibeke er eit kvinnenamn som kjem frå frisisk og lågtysk Wiebeke eller Wiebke. Vibeke har namnedag den 12. oktober.
Namnet er danna som ei diminutivsform av Wiebe, som kan vera ei kortform av namn som byrjar med Wig, 'krig', eller koma frå Weib, 'kvinne'. Andre former av namnet er Vibecke, Vibekka, Viveke, Vivikka og Wibke.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Vibeke Falk (f. 1918) norsk skodespelar fødd Vibeke Mowinckel
- Vibeke Løkkeberg (f. 1945), norsk skodespelar, filmregissør og forfattar
- Hanne-Vibeke Holst (f. 1959), dansk forfattar
- Vibeke Karlsen (f. 1967), norsk fotballdommar
- Vibeke Tandberg (f. 1967), norsk kunstnar
- Vibeke Saugestad (f. 1976), norsk musikar
- Vibeke Stene (f. 1978), norsk songar
- Vibeke Skofterud (f. 1980), norsk langrennsløpar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Vibeke» i Store norske leksikon, snl.no.