Vibeke Skofterud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vibeke Skofterud

SKOFTERUD Vibeke Tour de Ski 2010.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1980
Askim
Død

29. juli 2018
Hove

Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Vibeke Westbye Skofterud (20. april 198029. juli 2018) var ein norsk langrennar frå Slitu i Eidsberg kommune i Østfold. Ho vart olympisk meister i stafett med Noreg i 2010 og vart verdsmeister i stafett både i 2005 og 2011. I alt vann ho fem medaljar med Noreg i stafettar under ulike ski-VM og vinter-OL. Skofterud var medlem av Slitu Idrettsforening. I 2002 vart ho norsk meister i sprint-øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Skofterud fekk sitt internasjonale gjennombrot i OL-sesongen 2002, med di ho i Cogne 8. desember 2001 vart nummer tre på 5 km i klassisk stil. Gjennom tolv sesongar, 2002 til 2013, oppnådde ho tolv pallplasseringar etter individuelle verdscuprenn, men gjekk aldri heilt til topps. Derimot var ho i tida 2001-12 med på å vinne 17 stafettevlingar i verdscupen.

Under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme gjekk Skofterud på ankeretappen Noreg inn til sølvmedalje i 4 x 5 km stafett, 32 sekundar bakom det tyske laget. To år seinare var ho flytta over til startetappen då Noregs stafettlag vann VM-gullet, åtte sekundar føre Russland. Skofterud gjekk same etappen under Ski-VM 2007, der ho fekk ein medalje av den valøren ho mangla, ein bronsemedalje.

Skofterud vart olympisk meister i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2010 i Vancouver og verdsmeister i same øvinga under Ski-VM 2011 i Oslo. Begge gongane gjekk ho fyrsteetappen på Noregs lag, som ved begge høva elles bestod av Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen.

Skofterud ved målgang i Vasaloppet 2012

I 2012 vann Skofterud kvinneklassa i Vasaloppet, som første norske kvinne, og sette ny løyperekord med 4.08,24.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Skofterud omkom i ei ulukke med vasskuter ved Tromøya i Arendal kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar