Videoton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Videoton FC er ein fotballklubb i Székesfehérvár i Ungarn som spelar i den ungarske toppdivisjonen. Klubben vart skipa i 1941 og har namn etter eit firma som lagar elektriske artiklar.

Videoton er særleg kjend for sine prestasjonar i UEFA-cupen 1985. Klubben spela seg då fram til dobbelfinalar, heime-/bortekamp, mot Real Madrid. Etter tap 0-3 på heimebane var «eventyret» over for Videoton, som samanlagt tapte finalane med 0-4. I 2011 vann Videoton den ungarske seriemeisterskapen for fyrste gong, tre gongar har laget hamna på andreplassen i serien. Klubben har også vunne den nasjonale cupmeisterskapen ved eitt høve, 2006, og tre gongar tapt cupfinalar.

Klubben har sidan 1967 spela heimekampane på Sóstói Stadion, eit tribuneanlegg med plass til 15 000 tilskodarar. Laget spelar i blå og raude drakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]