UEFA-cupen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupen var ei årleg fotballturnering for europeiske fotballag som vart arrangert av UEFA i tida 1971-2009.

Turneringa kom i stand frå hausten 1971 og erstatta den tidlegare cupturneringa Messebycupen. UEFA-cupen var frå byrjinga eit reint cupmesterskap, første året avvikla over fem rundar med avsluttande kampar heime og borte mellom dei to finalistane. Deltakarar i turneringa var klubbar som var kvalifiserte etter nasjonale kriterium. Talet på deltakarar frå nasjonale seriar varierte etter eit kvotesystem. Til dømes hadde England fire deltakarar, Skottland tre, Sverige to og Noreg, Danmark og Island ein deltakar i den første sesongen.

Frå 1997 vart det spela ein einaste finalekamp, mot tidlegare heime- og bortekamp. I 1999 vart UEFA-cupen utvida ettersom Cupvinnarcupen vart lagt ned. Klubbane som etter gammalt var kvalifisert til å spele i Cupvinnarcupen fekk plass i UEFA-cupen. Frå 2004 vart turneringa omorganisert. Etter eit innleiande kvalifiseringsspel, vart klubbane fordelt i grupper som spela i små seriar. Etter gruppespelet vart det atter cupspel mellom dei 32 beste i gruppespelet. Dei to finalistane møttest så i ein avgjerande finale på eit utvald stadion.

UEFA-cupen vart historie i 2009. UEFA oppretta i staden Europaligaen (UEFA Europa League).

Begge dei italienske klubbane Juventus og Inter vann UEFA-cupen tre gongar, til liks med engelske Liverpool FC. Viking deltok flest gongar av norske klubbar, i elleve turneringar. Ingen norsk klubb tok seg nokon gong til åttandedelsfinalen.

Finalane i UEFA-cupen[endre | endre wikiteksten]

UEFA-cup-finalar
Sesong Land Vinnar Resultat Tapar Land Stadion Tilskodarar
1971/72 Flagget til England Wolverhampton 2–1 Tottenham Flagget til England Molineux Stadium i Wolverhampton 38 362
Flag of England.svg Tottenham 1–1 Wolverhampton Flagget til England White Hart Lane i London 54 303
1972/73 Flagget til England Liverpool 3–0 Borussia Mönchengladbach Flagget til Vest-Tyskland Anfield Road i Liverpool 41 169
Flagget til Vest-Tyskland Borussia Mönchengladbach 0–2 Liverpool Flagget til England Bökelbergstadion i Mönchengladbach 34 905
1973/74 Flagget til England Tottenham 2–2 Feyenoord Det nederlandske flagget White Hart Lane, London 46 281
Det nederlandske flagget Feyenoord 2–0 Tottenham Hotspur Flagget til England De Kuip i Rotterdam 59 317
1974/75 Flagget til Vest-Tyskland Borussia Mönchengladbach 0–0 Twente Det nederlandske flagget Rheinstadion i Düsseldorf 42 368
Det nederlandske flagget Twente 5–1 Borussia Mönchengladbach Det nederlandske flagget Diekman Stadion i Enschede 21 767
1975/76 Flagget til England Liverpool 3–2 Club Brugge Flagget til Belgia Anfield Road i Liverpool 50 188
Flagget til Belgia Club Brugge 1–1 Liverpool Flagget til England Olympiastadion i Brugge 29 423
1976/77 Flagget til Italia Juventus 1–0 Athletic Bilbao Flagget til Spania Stadio Comunale i Torino 54 800
Flagget til Spania Athletic Bilbao 1–2 Juventus Flagget til Italia San Mamés i Bilbao 39 700
1977/78 Flagget til Frankrike Bastia 0–0 PSV Det nederlandske flagget Stade Armand Cesari i Bastia 15 000
Det nederlandske flagget PSV Eindhoven 3–0 Bastia Flagget til Frankrike Philips Stadion i Eindhoven 27 000
1978/79 Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Raude Stjerne 1–1 Borussia Mönchengladbach Flagget til Vest-Tyskland Stadion Crvena Zvezda i Beograd 87 000
Flagget til Vest-Tyskland Borussia Mönchengladbach 1–0 Raude Stjerne Beograd Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Rheinstadion iDüsseldorf 45 000
1979/80 Flagget til Vest-Tyskland Borussia Mönchengladbach 2–3 Eintracht Frankfurt Flagget til Vest-Tyskland Bökelbergstadion i Mönchengladbach 25 000
Flagget til Vest-Tyskland Eintracht Frankfurt 1–0 Borussia Mönchengladbach Flagget til Vest-Tyskland Waldstadion i Frankfurt 59 000
1980/81 Flagget til England Ipswich 3–0 AZ'67 Det nederlandske flagget Portman Road i Ipswich 27 532
Det nederlandske flagget [[AZ Alkmaar|AZ'67 2–4 Ipswich Flagget til England Olympisch Stadion i Amsterdam 28 500
1981/82 Flagget til Sverige IFK Göteborg 1–0 Hamburg Flagget til Vest-Tyskland Nya Ullevi i Göteborg 42 548
Flagget til Vest-Tyskland Hamburg 3–0 IFK Göteborg Flagget til Sverige Volksparkstadion i Hamburg 57 312
1982/83 Flagget til Belgia Anderlecht 1–0 Benfica Flagget til Portugal Heysel-stadion i Brussel 52 694
Flagget til Portugal Benfica 1–1 Anderlecht Flagget til Belgia Estádio da Luz i Lisboa 80 000
1983/84 Flagget til Belgia Anderlecht 1–1 Tottenham Flagget til England Constant Vanden Stock i Brussel 40 000
Flagget til England Tottenham 1–1* Anderlecht Flagget til Belgia White Hart Lane i London 46 205
1984/85 Flagget til Ungarn Videoton 3–0 Real Madrid Flagget til Spania Stadion Sóstói i Székesfehérvár 38 000
Spania Real Madrid 0–1 Videoton Ungarn Santiago Bernabéu i Madrid 98 300
1985/86 Flagget til Spania Real Madrid 5–1 Köln Flagget til Vest-Tyskland Santiago Bernabéu i Madrid 85 000
Flagget til Vest-Tyskland Köln 0–2 Real Madrid Flagget til Spania Olympiastadion i Berlin 21 185
1986/87 Flagget til Sverige IFK Göteborg 1–0 Dundee United Flagget til Skottland Nya Ullevi i Göteborg 50 023
Flagget til Skottland Dundee United 1–1 IFK Göteborg Flagget til Sverige Tannadice Park i Dundee 20 911
1987/88 Flagget til Spania Espanyol 0–3 Bayer Leverkusen Flagget til Vest-Tyskland Estadi de Sarrià i Barcelona 31 180
Flagget til Vest-Tyskland Bayer Leverkusen 3–0* Espanyol Flagget til Spania Ulrich Haberland Stadion i Leverkusen 21 600
1988/89 Flagget til Italia Napoli 2–1 VfB Stuttgart Flagget til Vest-Tyskland Stadio San Paolo i Napoli 81 093
Flagget til Italia Napoli 3–3 VfB Stuttgart Flagget til Vest-Tyskland Neckarstadion i Stuttgart 67 000
1989/90 Flagget til Italia Juventus 3–1 Fiorentina Flagget til Italia Stadio Comunale i Torino 45 000
Flagget til Italia Juventus 0–0 Fiorentina Flagget til Italia Stadio Partenio i Avellino 32 000
1990/91 Flagget til Italia Inter 2–0 Roma Flagget til Italia San Siro i Milano 68 887
Flagget til Italia Inter 0–1 Roma Flagget til Italia Stadio Olimpico i Roma 70 901
1991/92 Det nederlandske flagget Ajax 2–2 Torino Flagget til Italia Stadio delle Alpi i Torino 65 377
Det nederlandske flagget Ajax 0–0 Torino Flagget til Italia Olympisch Stadion i Amsterdam 42 000
1992/93 Flagget til Italia Juventus 3–1 Borussia Dortmund Flagget til Tyskland Westfalenstadion i Dortmund 37 000
Flagget til Italia Juventus 3–0 Borussia Dortmund Flagget til Tyskland Stadio delle Alpi i Torino 62 781
1993/94 Flagget til Italia Inter 1–0 Casino Salzburg Flagget til Austerrike Ernst-Happel-Stadion i Wien 47 500
Italia Internazionale 1–0 Casino Salzburg Flag of Austria.svg San Siro i Milan 80 326
1994/95 Flagget til Italia Parma 1–0 Juventus Flagget til Italia Stadio Ennio Tardini i Parma 22 062
Flagget til Italia Parma 1–1 Juventus Flagget til Italia San Siro i Milano 80 754
1995/96 Flagget til Tyskland Bayern München 2–0 Bordeaux Flagget til Frankrike Olympiastadion i München 62 000
Flagget til Tyskland Bayern München 3–1 Bordeaux Flagget til Frankrike Parc Lescure i Bordeaux 36 000
1996/97 Flagget til Tyskland Schalke 04 1–0 Internazionale Flagget til Italia Parkstadion i Gelsenkirchen 56 824
Flagget til Tyskland Schalke 04 0–1* Inter Flagget til Italia San Siro i Milano 81 675
1997/98 Italia Inter 3–0 Lazio Italia Parc des Princes i Paris 44 412
1998/99 Flagget til Italia Parma 3–0 Marseille Flagget til Frankrike Luzjniki stadion i Moskva 66 700
1999/2000 Flagget til Tyrkia Galatasaray 0–0*[A] Arsenal Flagget til England Parken i København 38 919
2000/01 Flagget til England Liverpool 5–4§[B] [[Alavés] Flagget til Spania Westfalenstadion i Dortmund 48 050
2001/02 Det nederlandske flagget Feyenoord 3–2 Borussia Dortmund Flagget til Tyskland De Kuip i Rotterdam 45 611
2002/03 Flagget til Portugal Porto 3–2dagger[C] Celtic Flagget til Skottland Estadio La Cartuja i Sevilla 52 972
2003/04 Flagget til Spania Valencia 2–0 Marseille Flagget til Frankrike Nya Ullevi i Göteborg 39 000
2004/05 Flag of Russia.svg CSKA Moskva 3–1 Sporting Lisboa Portugal Estádio José Alvalade i Lisboa 47 085
2005/06 Spania Sevilla 4–0 Middlesbrough Flag of England.svg Philips Stadion i Eindhoven 33 100
2006/07 Spania Sevilla 2–2*[D] Espanyol Spania Hampden Park i Glasgow 47 602
2007/08 Flag of Russia.svg Zenit St. Petersburg 2–0 Rangers Skottland City of Manchester Stadium 43 878
2008/09 UKraina Sjakhtar Donetsk 2–1dagger[E] Werder Bremen Tyskland Şükrü Saracoğlu Stadı i Istanbul 37 357

Kjelder[endre | endre wikiteksten]