Vietnamesarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vietnamesar)
To vietnamesarar.

Vietnamesarar (vietnamesisk người Việt eller người Kinh) kan visa til folk med opphav i Vietnam eller den største folkegruppa i landet. Desse etniske vietnamesarane er kjende som kinh for å skilja dei frå andre folkegrupper i Vietnam, og utgjorde 86 % av innbyggjarane i folketeljinga frå 1999. Dei har opphav nord i noverande Vietnam og sørlege Kina. Vietnamesarar er geografisk og språkleg sett hovudsakleg søraustasiatar, men langvarig kinesisk kontakt har gjeve kulturen deira eit meir austasiatisk preg.

Spire Denne Vietnamartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.